Programmet Til Litteratursymposiet 2009

  • Uploaded by: Herdis Moldøen
  • 0
  • 0
  • May 2020
  • PDF

This document was uploaded by user and they confirmed that they have the permission to share it. If you are author or own the copyright of this book, please report to us by using this DMCA report form. Report DMCA


Overview

Download & View Programmet Til Litteratursymposiet 2009 as PDF for free.

More details

  • Words: 4,022
  • Pages: 32
Litterære bilete

Marit Eikemo, festivalleiar Else Marie Sandal, programansvarlig Nina Kongtorp, kultursjef i Odda Kommune Blueslaget Lokst Utøve, teknisk ansvarlig. Billettsal: • Tenestetorget i Odda (biblioteket) • www.litteratursymposiet.no • Billettsal ved inngangen. 2

Litterære bilete i Odda I år har vi sett venger på Litteratursymposiet. Vi har lånt dei av Dag Solstads programerklæring frå 1967, om å gi kaffikjelane venger. Vi har lånt dei av Frode Gryttens bikube, og vi har lånt dei av Karl Ove Knausgårds mange englar i En tid for alt. Med desse vengene vil vi gi Odda eit løft, med opplesingar, konsertar, debattar, samtalar, seminar, filmar, utstillingar og byvandringar. Vi vil sveve over byen og synge bikubesongar:

Foto s.1 og s.2: Oddleiv Apneseth

Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong. Alt er så nær at eg kan ta på det. Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa. Min vesle by. Min vesle by. (frå Frode Gryttens Bikubesong) Velkommen til fem fantastiske dagar i Odda i oktober! Marit Eikemo Festivalleiar

3

M O

C L Q J

R

E D

F

H

A

I B G

4

K P

N

ODDA2009

L I T T E R AT U R S Y M P O S I E T

Bikubegang

Litteratursymposiet

1 MURBOLIGEN 2 F O L G E F O N N G ATA 3 FRELSESARMEEN 4 BARNESKULEN 5 P L AT E S J A P PA 6 F LY T E B R Y G G A 7 TORGET 8 B U S S TA S J O N E N 9 A L M E R K E PA R K E N 1 0 G Å G A T A 1 1 M E R C U R C A F É 1 2 S K R E V E T 1 3 D O M U S 1 4 S M E L T A R E N 1 5 H A R D A N G E R H O T E L 1 6 R Å D H U S E T / B I B L I O T E K E T 1 7 K I N O E N 1 8 O P O 1 9 E R R A F L O T 2 0 T Y S S E D A L S V E G E N 2 1 L I N D E H U S E T 2 2 S M E L T E H U S E T 2 3 H J Ø L L O 2 4 R Ø L D A L S V E G E N

A L I N D E H U S E T B H A R D A N G E R H O T E L C M E I E R I E T D K I N O S A L E N E K I N O F O A J E E N F S M E LT G V E R T S H U S E T H O D D A B I B L I O T E K I M U R B O L I G E N ( S TA RT B I K U B E G A N G ) J T TI K B O L I D E N L EKSPEDISJONEN M R Ø L D A L S T A V K Y R K J E N O D D A V G S O R Ø L D A L S K U L E P V I K E B Y G D S K U L E Q K I N S A R V I K S K U L E R N I T R O G E N F A B R I K K E N

5

6

Bikubegang med Frode Grytten.

Gå langs vegen som ein vanlig mann.

Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. Bikubegang er ei vandring i det litterære og heilt konrete Odda, med opplesingar og folkesnakk og historiske kuriosa. Grytten startar byvandringa utanfor Murboligen og stoppar ved fleire sentrale stader i løpet av turen. Her får vi høre om den gamle platesjappa til Bessie og dei legendariske snopedamene i Gågata. Vi får høre om partisekretæren frå Bikubesong som

Foto: Helge Skodvin

Fredag og laurdag kl. 16.00

Bikubegang

ramlar i Sørfjorden og endar opp med ein våt og uleselig 1. mai-tale. Vi får høre om slaget i Skrevet i 1931, då kommunistane og sosialdemokratane sine 1. mai-tog brasa saman i eit gedigent masseslagsmål, og på kinotrappa blir det musikalske innslag med Pedro CarmonaAlvarez.

7

Litterær kraftstasjon

Foto: Stine Eide

Foto: Hans Jørgen Brun

Litteratursymposiet opnar med storslått festforestilling i Lindehuset.

Kvelden byr også på talar og overraskingar.

Onsdag kl. 19.00 i Lindehuset 8

Foto: Bjørn Erik Larsen/ Scanpix

Skodespelar Trond Espen Seim vil framføre prologen Ein flytande bjørn av Frode Grytten. Det blir innslag ved Linda Eide, Tyssedalkoret, samt musikk og beatpoesi med Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez, Ole Amund Gjersvik, Tor Bjarne Bjelland og Michael Barnes.

9

Vi ville gi kaffekjelen vinger. På arbeidsplassene tegnet vi utkast til vinger og om kveldene diskuterte vi og sammenlignet. Til vi en morgen forsto at vi for alltid måtte slutte å drømme. Vi ble fylt av en ømhet for verden og sa: Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger. Vi vil ikke forandre tingene våre til fugler og blomster. Vi vil la kaffekjelen være kaffekjelen og se den stå på frokostbordet, blank av aluminium og fylt med rykende kaffe. Vi vil ta et godt tak i håndtaket, løfte den på skrå over bordet, bevege den langsomt mot alle koppene og fylle dem en etter en med svart kaffe som vi drikker. Dag Solstad, Svingstol 1967

Ka e det me Solstad?

Dag Solstad sin posisjon i Norge er utan sidestykke. Heilt sidan sin litterære debut i 1965 har han vore ein av landets mest markante og betydningsfulle forfattarar. I oktober kjem hans 17. roman der vi får eit g jensyn med Bjørn Hansen frå Ellevte roman, bok atten. Hansen har sona ein dom for mellom anna forsikringssvindel, og er no på veg for å besøke sonen sin. I denne samtalen vil Trude Marstein og Odd W. Surén freiste å forklare fenomenet Solstad. Dei vil halde kvar sine innlegg om Solstads forfattarskap, som Solstad sjølv vil kommentere. Solstad vil også lese frå sin siste roman. Frode Molven er ordstyrar.

Laurdag kl. 14.30 på Hardanger Hotell. Dag Solstad deltar også i debatten Litterære heltar er ikkje som før, saman med Erlend Loe, Marit Nicolaysen, Tore Renberg og Frode Grytten.

Fredag kl. 21.30 på Hardanger Hotell. Solstad vil lese på familieforestillinga Hollywodda,

Laurdag kl. 19.30 i Kinosalen.

Foto: Richard Eriksen

11

I boka En rekke avbrutte forsøk oppdagar hovedpersonen Selma Lønning Aarø kor vanskelig det er å skrive skjønnlitteratur basert på eigen bakgrunn. I første kapittel skriv ho om den gongen foreldra glømte henne på Sandvikvåg-Halhjem-ferja, men mor hennar protesterer: Det har aldri skjedd! Kommentarane frå mora blir så altomfattande at dei utg jer halve romanen. - Mor mi tilbaud meg 100.000 kroner for å ikkje gi den ut, sa Selma då romanen blei lansert i 2007. Selma Lønning Aarø er også kjent for å utlevere seg sjølv og sine nærmaste i søndagsspaltene sine i Dagbladet, ikkje minst den fotballgale mannen sin. Eller kanskje ikkje. - Mannen min er jo eit anstendig menneske, han ville ikkje kasta ein rullestrolbrukar ut frå parkeringshus i tredje etasje, forsikra Lønning Aarø då kvardagspetitane hennar blei lansert i bokform, i Scener fra et ekteskap i 2003. Selma Lønning Aarø er ein av dei mest populære forfattarane i Norge, og har sidan debuten i 1995 gitt ut fire romanar og ein lettlestroman for ungdom. Lønning Aarøs roman, Vill ni åka mera? (2003) blir rekna som hennar g jennombrot som forfattar. Med denne romanen blei ho også nominert til Brageprisen. Venstre hånd over høyre skulder (2008) er Aarøs siste roman.

Møt Selma Lønning Aarø i samtale med Guri Heftye Lønning Aarø deltar også i Litterær salong med Brit Bildøen, Agnes Ravatn og Olaug Nilssen

Torsdag kl. 21.00 på Hardanger Hotell Det blir opplesing med Selma 12

Fredag kl. 11.30 på TTI (Interesserte tar kontakt med Litteratursymposiet.)

Foto: Øyvind Hjelmen

Laurdag kl. 13.00 på Hardanger Hotell

Selma Lønning Aarø, folkens! Selma Lønning Aarø er ein sann forfattar. Folk trur ho snakkar sant når ho lyg, og når ho seier noko som er sant, trur dei at ho diktar.

13

LI T T ERATUR SY M P O SI ET 20 09 PR O G R A M ONSDAG 7. OKTOBER 09.00 Odda kino 10.00 Meieriet 18.00 Smelt 19.00 Lindehuset 22.00 Hardanger Hotell

Marit Nicolaysen møter 3. klasse. Seier eit bilete meir enn 1000 ord? Biletbok- og teikneserieseminar med Stian Hole, Svein Nyhus, Frode Grytten og InkaLill, samt Hanne Kiil og Kjersti Lersbryggen Mørk frå Norsk Barnebokinstitutt. Slamkafé: Opning av Stian Holes biletbokutstilling. Dei to Odda debutantane Liv Eirill Evensen og Erlend Huus les. Opningsforestilling: Litterær kraftstasjon. Trond Espen Seim framfører prologen Ein flytande bjørn av Frode Grytten. Innslag ved Linda Eide og Tyssedalkoret. Musikk og beatpoesi med Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez, Ole Amund Gjersvik, Tor Bjarne Bjelland og Michael Barnes. Quiz med Jan Arild Breistein.

UTSTILLINGAR Smelt: Bokomslag av Stian Hole Nitrogenfabr: Litt.symp. i bilde og symbol av Augon Johnsen Kinosalen: Det norske huset, foto av Jens Hauge Kinofoajeen: Bikubesong, foto av Oddleiv Apneseth

14

SKRIVEKUNSTAKADEMIET I HORDALAND held responskurs for seks deltakarar på Litteratursymposiet. Tormod Haugland blir kursleiar. Kontakt Skrivekunstakademiet på e-post [email protected] eller telefon 55 23 04 50 for meir informasjon.

500,Gratis

200,Gratis

L I T T ERATURSY M P O SI ET 2009 PR O G R A M TORSDAG 8. OKTOBER 08.30 Odda u. skole 08.30 Odda vgs 09.00 Meieriet 10.00 Odda Bibliotek 12.00 Meieriet 13.00 Røldal skule 13.00 Røldal skule 13.00 Vikebygd skule 16.00 Odda kino 18.00 Lindehuset 18.00 Smelt 19.30 Lindehuset 19.30 Røldalsgarasjen 20.00 Ekspedisjonen TBA Odda kino 21.00 Hardanger Hotell 22.00 Hardanger Hotell

Besøk av teikneserieforfattar InkaLill. Teikneseriekurs med Tore Strand Olsen. Bjørn Ingvaldsen møter 7. klasse. Svein Nyhus møter barnehagane. Synske bilete: Bente Alver om Anna Elisabeth Westerlund, i samtale med Frode Molven. 40,-/90,Besøk av teikneserieforfattar InkaLill. Forfattarbesøk av Marit Nicolaysen. Forfattarbesøk av Bjørn Ingvaldsen. Vising av Jens Hauge sine bilete frå boka Det norske huset. Frode Grytten les frå den same boka, etterfølgt av novellefilmane 80 grader aust for Birdland og Dublin i regn. Industrispor med Frode Grytten, Lars Ove Seljestad og Herdis Moldøen. Marit Eikemo er ordstyrar. Billetten inkluderer alle program på Lindehuset på torsdag. 150,Slamkafé: Daglige opplesingar og overraskingar. Gratis Renberg møter Knausgård. Billetten inkluderer alle program på Lindehuset på torsdag. 150,Filosofi for sportsidiotar med Øyvind Kvalnes. 100,Quiz, og opplesing med Lars Ove Seljestad Kortfilmen Flytande bjørn av Max Ekornrud Gudmundsen basert på Frode Gryttens roman. Litterær salong med Brit Bildøen, Agnes Ravatn, Selma Lønning Aarø og Olaug Nilssen. Siren Sundland er ordstyrar. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på torsdag. 150,Konsert: Jackie Leven. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på torsdag. 150,-

LI T T ERATUR SY M P O SI ET 20 09 PR O G R A M FREDAG 9. OKTOBER 08.30 Odda Vgs 09.00 Odda vgs 10.00 Sekse skule 11.00 Bokkotunet 11.00 Boliden 11.30 TTI 11.30 Opedal skule 11.30 Kinsarvik skule 13.00 Hauso skule 16.00 Murboligen 18.00 Smelt 19.00 Lindehuset 21.30 Hardanger Hotell 22.30 Hardanger Hotell

Forfattarbesøk av Bjørn Ingvaldsen, Marit Nicolaysen og Lars Ove Seljestad. Teikneseriekurs med Tore Strand Olsen Besøk av teikneserieforfattar InkaLill Forfattarbesøk av Brit Bildøen Opplesing med Knut Nærum * Opplesing med Selma Lønning Aarø* Besøk av teikneserieforfattar InkaLill Besøk av Svein Nyhus Besøk av Bjørn Ingvaldsen Bikubegang med Frode Grytten Slamkafé: Skrivekunstakademiets sjølvpresentasjon. Tormod Haugland og Odd W Surén i munter passiar. Debutant Kjersti Rorgemoen les. Olaug Nilssen er konferansier. Nytt på norsk: Erlend Loe les frå sin siste roman og samtalar med Guri Heftye. Tore Renberg, Pedro Carmona-Alvarez, Marit Eikemo og Trude Marstein les frå sine nye romanar. Kveldens konferansier: Knut Nærum Litterære heltar er ikkje som før. Debatt med Erlend Loe, Marit Nicolaysen, Dag Solstad, Tore Renberg og Frode Grytten. Pedro Carmona-Alvarez er ordstyrar. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på fredag. Konsert: Tønes med band. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på fredag.



*Interesserte tar kontakt med Litteratursymposiet.

16

Gratis Gratis

Gratis

Gratis

150,-

150,150,-

L I T T ERATURSY M P O SI ET 2009 PR O G R A M LAURDAG 10. OKTOBER 11.00 Odda bibliotek 12.00 Hardanger Hotell 13.00 Hardanger Hotell 13.00 Kinsarvik bibliotek 14.30 Hardanger Hotell 14.30 Ekspedisjonen 16.00 Murboligen 16.00 Hardanger Hotell 18.00 Kinofoajeen 18.00 Smelt 19.30 Odda kino 22.00 Hardanger Hotell

Barneprogram med Erlend Loe, Frode Grytten og Knut Nærum Gratis Konsert: Tønes solo. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på laurdag. 150,Selma Lønning Aarø i samtale med Guri Heftye. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på laurdag. 150,Møte med Marit Nicolaysen. Gratis Ka e det me Solstad? Kritikarsamtale om og med Dag Solstad. Trude Marstein og Odd W. Surén held kvar sine innlegg om Solstad sin forfattarskap, som Solstad sjølv kommenterer. Billetten inkluderer alle program på Hardanger Hotell på laurdag 150,Litterær salong med Brit Bildøen og Agnes Ravatn. Else Marie Sandal er ordstyrar. 100,Bikubegang med Frode Grytten. Gratis Odda Jazzensemble. Klassikarsamtalen. Eldrid Lunden og Erling Aadland i samtale om Knut Hamsun. Slamkafe: Kvifor Ivar Aasen aldri kom til Odda, ein powerpoint presen- tasjon av Hallgeir Opedal. Opplesing ved Bjørn Ingvaldsen. Gratis Hollywodda: Festforestilling med Odda musikklag, opplesingar med Dag Solstad, Øyvind Rimbereid, Knut Nærum og Marit Nicolaysen. Frode Grytten alias Arne Hesjedal er kveldens konferansier. 200,DJ speler klassikarar frå filmarkivet. Billetten inkluderer alle program. på Hardanger Hotell på laurdagen. 150,-

SØNDAG 11. OKTOBER 18.00 Røldal Stavkyrkje Tjære være treklang, stavkyrkjekonsert med Elisabet Vatn, Harald Skullerund, Andres Røie, Elisabeth Holmertz

Erlend Loe debuterte med Tatt av Kvinnen i 1993. Sidan har han hatt ein eineståande produksjon av romanar, omsetjingar, barnebøker og filmmanus. Han er ein av vår tids mest allsidige og produktive forfattarar, med ein heil generasjon som fanskare. Saman med biletkunstnaren Kim Hiorthøy har han også skapt eit eige univers for barn i bøkene om truckførar Kurt, som nylig er blitt filmatiserte. Til hausten kjem Erlend Loe med ny roman, Stille dager i Mixing Part, som er ein samlivsroman i god Loe-stil, hysterisk morosam og djupt urovekkjande. Teatermannen Telemann har nesten ikkje alkoholproblem, og han elskar heller ikkje Tyskland. Kona hans derimot, elskar alt det tyske. Saman med sine tre barn er dei på ferie i Garmisch Partenkirchen, midt i nazi-beltet. På toppen av det heile er Telemann forelska i ei engelsk kvinne han aldri har møtt. Møt Erlend Loe i bokprat med Guri Heftye i Nytt på norsk.

Fredag kl. 19.00 i Lindehuset. Erlend Loe deltar også i debatten Litterære heltar er ikkje som før med Marit Nicolaysen, Dag Solstad, Tore Renberg og Frode Grytten.

Fredag kl. 21.30 på Hardanger Hotell. Erlend Loe les også for barn saman med Knut Nærum og Frode Grytten.

Laurdag kl. 11.00 på Odda bibliotek.

18

Vår mann.

«Jeg lurer på om det overhodet fins kjernekarer i min generasjon» undrar

Erlend Loe

Foto: Chris Johnsen

hovudpersonen i Erlend Loes Naiv.Super. Då boka kom i 1996, fekk den straks status som generasjonsroman. Her er det ingen som bygg jer landet lenger, men derimot blir det ført lange lister over all verdas trivialitetar. Med Naiv. Super fekk Brio-bankebrettet sin renessanse og omgrepet naivisme blei standard i litterære krinsar. Boka blei ein kritikarsuksess og ein kommersiell suksess og omsett til over 20 språk.

19

Renberg

20

Foto: Dag Knudsen

møter Knausgård Tore Renberg og Karl Ove Knausgård er blant sin generasjons mest profilerte og sentrale forfattarar. Til hausten kjem begge med nye bøker. Og begge kjem til Litteratursymposiet i Odda. Karl Ove Knausgårds tredje roman er ei ekstraordinær litterær satsing. Min kamp blir utgitt som seks romanar. Det handlar om forfattaren Karl Ove Knausgårds kamp for å meistre livet og seg sjølv og sine eigne ambisjonar. Det er ein djupt personlig roman, sjølvutprøvande og kontroversiell. Knausgård vil lese frå sin siste roman og samtale om sin forfattarskap, litteraturen og livet med Tore Renberg.

Torsdag kl. 19.30 i Lindehuset

Foto: Rolf M. Aalgaard/Scanpix

Tore Renberg kjem i haust med si fjerde bok om Jarle Klepp, Pixley Mapogo. Jarle er no blitt 35 år, og som vikar for Stavanger Aftenblads kulturredaksjon er han i Oslo for å dekke The Smiths’ konsert på Øyafestivalen. Renberg omtaler boka som infam og djevelsk. Tore Renberg vil lese frå sin nye roman på Nytt på norsk

Fredag kl. 19.00 i Lindehuset. Renberg deltar også på Litterære heltar er ikkje som før saman med Dag Solstad, Frode Grytten, Marit Nicolaysen og Erlend Loe.

Fredag kl. 21.30 på Hardanger Hotell

21

Seminar: Seier eit bilete meir enn 1000 ord? Eit heildags biletbok- og teikneserieseminar med Frode Grytten, Svein Nyhus, Stian Hole og InkaLill. Alle bidragsytarane har ulike måtar å bruke bilete på i sitt litterære arbeid. Her fortel dei om teknikk og tradisjon og eigen motivasjon. Hanne Kiil og Kjersti Lersbryggen Mørk frå Barnebokinstituttet vil snakke om arbeidet med nyare biletbøker for skuleelevar.

22

onsdag 7. oktober 10.00 Registrering og velkommen 10.15 Hanne Kiil og Kjersti Lersbryggen Mørk: Koselig? Kvass? Kunst? Kunnskapsløftet legg vekt på arbeid med samansette tekstar. Gjennom arbeid med nyare biletbøker kan elevane sjå på ulike former for samspel mellom tekst og bilete - samtidig som dei lærer om biletanalyse og estetiske verkemidlar. 11.50 Pause ca 10 min 12.00 Frode Grytten: Ord + Bilde = 3 Om å skrive i dialog med foto, måleri og illustrasjonar. 12.45 - 13.30 Lunsj 13.30 Svein Nyhus: Sier et bilde mer enn tusen ord? Om ord og bilete i bøker for små og store som blir meir intelligente enn forfattaren og illustratøren. Nyhus syner døme frå eigne biletbøker, mellom anna Sinna Mann, ei bok som handlar om vald i familien og som nylig blei filmatisert. Han vil også snakke om farlige bilete for barn. 14.15 Pause ca 5 min 14:20 Stian Hole: Jeg trodde jeg var en annen. Om biletbøkene om Garmann Stian Hole tar opp nokre av trådane frå Svein Nyhus. I tillegg til å fortelje om montasjeteknikken han nyttar i illustrasjonane sine, byr han på erfaringer frå sitt arbeid med biletbøker, og peikar på nokre av triksa frå rekvisittlageret til den gode forteljaren. Han trekk parallellar frå samspelet mellom tekst og bilete i biletboka, til arbeidet med bokomslag. 15.05 Pause ca 10 min 15.15 InkaLill: Den flytende fortelingen Om rytme, stil, drama og intensitet. Kva er ein god ide, og korleis uttrykke det i ei teikneserie? 16.15 Avsluttande kommentarar Påmelding: Innan 25. september. Seminaravgift 500,- (Studentar gratis) Inkludert i prisen er 1 billett til opningsforestillinga Litterær Kraftstasjon i Lindehuset på det nedlagde Smelteverket. Påmelding kan sendast via e-post til seminarleiar Else Marie Sandal: [email protected]

Ein heilaftens presentasjon av nye norske romanar

24

Marit Nilsen, fotograf for næringslivet

Knut Nærum guidar publikum g jennom den norske samtidslitteraturen, her representert ved eit knippe yngre, norske forfattarar som alle er aktuelle med nye romanar i haust. Nytt på norsk begynner med opplesingar av Pedro CarmonaAlvarez, Trude Marstein, Tore Renberg og Marit Eikemo. Etter pause vil Erlend Loe lese frå sin siste roman, og samtale med Guri Heftye om sin forfattarskap.

Foto: Marte Garmann Johnsen

Foto: Øyvind Næss

Foto: Chris Johnsen

Nytt på norsk

Erlend Loe Stille dager i Mixing Part Trude Marstein Ingenting å angre på Pedro Carmona-Alvarez Rust

Fredag kl. 19.00 i Lindehuset

Tore Renberg Pixley Mapogo Foto: Dag Knudsen

Foto: Tom Henning Bratlie

Marit Eikemo Arbeid pågår

Kva skjer med våre litterære heltar når dei går til filmen? Og kvifor blir det laga så mange filmar av norske romanar? Tore Renberg, Erlend Loe, Marit Nicolaysen, Frode Grytten og Dag Solstad er kveldens panel. Dei har alle fått bøker filmatiserte med stor suksess. Ordstyrar: Pedro Carmona-Alvarez

Fred. kl 21.30 på Hardanger Hotell

26

Mellom rocka mountains og gamle kyrkjerom

Litterære heltar er ikkje som før

Jackie Leven Opplev den svært profilerte skotske låtskrivaren, rockesongaren og norgesvenen Jackie Leven, kjent for sine unike livekonsertar i tett dialog med publikum.

Torsdag kl. 22.00 på Hardanger Hotell

Tønes kjem frå Sokndal til Odda for å halde to konsertar, med og utan band. Visesongaren har markert seg som ei svært interessant stemme i det musikalske landskapet med sine presise og morosame funderingar rundt svært kvardagslige ting, som til dømes Det så e inne i krabben. Fredag kl. 22.30 og laurd. kl 12.00 på Hardanger Hotell

Tjære være treklang er eit bestillingsverk i regi av Rikskonsertene, skrive spesielt for dei vakre stavkyrkjene våre. Musikarane Elisabeth Vatn, Harald Skullerud, Elisabeth Holmertz og Anders Røine utforskar lyden, historia og mystikken i dei gamle kyrkjeromma - med sekkepiper, trøorgel, perkusjon, gitar, munnharper og vokal. Søndag kl. 18.00 i Røldal stavkyrkje

ungsymp

Hollywodda

Laurdag kl. 19.30 på Odda Kino Gratis barneprogram med Frode Grytten, Knut Nærum og Erlend Loe

Laurdag kl. 11.00 på Odda bibliotek Møt Marit Nicolaysen

Laurdag kl. 13.00 på Kinsarvik bibliotek Sjå kalenderen for fullstendig skule- og barnehageprogram.

Det er aldri for tid­lig for unike litteraturopplevingar. Det beste vi har på programmet tilbyr vi også barn og unge i løpet av Litteratursymposiet.

Foto: Dan-Erik Aggvin

Hollywodda er ein heilaftens familieforestilling der nokre av landets fremste og mest kjente for­ fattarar, Dag Solstad, Knut Nærum, Marit Nicolaysen og Øyvind Rimbereid, opptrer saman med Odda musikklag og Odda kulturskole. Frode Grytten er konferansier, alias eit av hans alter ego: Arne Hesjedal. Publikum får oppleve spesialarrangert musikk frå filmhistoria, tilrettelagt av komponist Guttorm Guttormsen, framført av Odda usikklag. Saman med det lokale rockebandet The accident og musikk frå arbeidarklassetradisjonen, vil dette bidra til at Hollywodda blir ein festforestilling i riktig Odda-ånd.

Klassikarsamtalen Laurdag kl. 18.00 i Kinofoajeen I år er det 150 år sidan Knut Hamsun blei fødd. Forfattar og professor i skrivekunst Eldrid Lunden vil samtale med litteraturprofessor Erling Aadland om Hamsuns forfattarskap. Gjorde han seg sjølv populær g jennom medie­ knep og retorikk, eller er han vår kanskje største forfattar? Eller begge deler? I fjor kom Lunden med det omdiskuterte essayet Modernisme eller litterær populisme om Arne Garborg og Knut Hamsun. Erling Aadlands siste utg jeving, Farvel til litteraturvitenskapen, skapte stor debatt i 2006.

28

Foto: Oddleiv Apneseth

På Litteratursymposiet i Odda blir det litterær salong med Brit Bildøen, Agnes Ravatn, Selma Lønning Aarø og Olaug Nilssen. Siren Sundland er ordstyrar.

Synske bilete

Med essaysamlinga Litterær salong ønsker Brit Bildøen å skape ei positiv motvekt til mannsdominansen på litteraturfeltet. Ho meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelige forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.

Foto: Trygve Indrelid

Foto: Tove K. Breistein Foto: Paul Bernhard Foto: Øyvind Hjelmen Foto: Anne Lise Urdal

Litterær salong Torsdag kl. 21.00 på Hardanger Hotell Anna Elisabeth Westerlund var Norges mest kjente synske i det tjuande hundreåret. Professor Bente Alver har skrive bok om henne, og i denne samtalen med Frode Molven vil ho fortelje om eit uvanlig liv og eit særeige vennskap. Arrangementetet er eit samarbeid med Senioruniversitetet i Odda.

Torsdag kl.12.00 på Meieriet kulturhus 29

Industris Torsdag kl. 18.00 i Lindehuset

Vi leitar etter industrispor i samtidslitteraturen saman med Frode Grytten og Lars Ove Seljestad. I kva grad pregar industrien skildringa av det moderne Norge? Og har forteljingar frå industrien eit særeige språk? Samtaleforskar Herdis Moldøen vil delta i diskusjonen. Ho har skrive masteroppgåve om industriarbeidarar sine forteljingar i pausen på jobb. Marit Eikemo er ordstyrar.

30

spor

Litterær Slamkafé Den gamle containerverkstaden på Smelteverket har g jenoppstått som Oddas mest særeigne kafé med byens beste meny. Gjennom heile festivalperioden blir det opplesingar og overraskingar på Kafé Smelt frå klokka 18.00.

Foto: Hans Jørgen Brun

Onsdag Opning av Stian Holes bokomslagutstilling Dei to Odda-debutantane Liv Eirill Evensen og Erlens Huus les

Torsdag TBA

Fredag Skrivekunstakademiets sjølvpresentasjon: Tormod Haugland og Odd W. Surén i munter passiar. Debutant Kjersti Rorgemoen les, og Olaug Nilssen er konferansier.

Laurdag Kvifor Ivar Aasen aldri kom til Odda, ein powerpointpresentasjon av Hallgeir Opedal. Bjørn Ingvaldsen les.

31

augon.no

ODDA KOMMUNE

Related Documents


More Documents from ""

Leadership Orange Paper
December 2019 8
Paradox Coaching
December 2019 20