Planfoeresegnerrv13oevrevassenden-14[1][1].12.04

  • May 2020
  • PDF

This document was uploaded by user and they confirmed that they have the permission to share it. If you are author or own the copyright of this book, please report to us by using this DMCA report form. Report DMCA


Overview

Download & View Planfoeresegnerrv13oevrevassenden-14[1][1].12.04 as PDF for free.

More details

  • Words: 548
  • Pages: 3
1

GRANVIN HERAD

REGULERINGSPLAN RV 13 ØVRE VASSENDEN

Framlegg til reguleringsføresegner §1 Generelt 1.1 Desse reguleringsføresegnene gjeld for det området som på plankartet er markert med plangrense, sjå teikning 1, dagsett 3. desember 2003. 1.2 I samsvar med §25 i Plan- og bygningslova er areala regulert til følgjande formål: Offentlege trafikkområde • Køyreveg • Parkeringsplass • Gang- og sykkelveg, fortau • Annan veggrunn Spesialområde • Naturvernområde vassdrag • Frisiktsone veg Kombinerte formål • Off. køyreveg / skogbruk • Off. køyreveg / naturvernområde land (Joberget) • Annan veggrunn / naturvernområde vassdrag (Granvinvatnet) • Annan veggrunn / jordbruk §2 Fellesføresegner 2.1 Desse føresegnene gjeld innanfor ramma av Plan og Bygningslova med

2

tilhøyrande føresegner for Granvin herad. 2.2 Kommunen kan, når særlege grunnar talar for det, tillate mindre vesentlege endringar i reguleringsplanen og / eller desse reguleringsføresegnene. 2.3 Etter at reguleringsplanen, med tilhøyrande reguleringsføresegner er stadfesta, er det ikkje høve til å inngå privatrettslege avtalar som er i strid med reguleringsplanen og reguleringsføresegnene. 2.4 Omsynet til landskapet skal sikrast gjennom utarbeiding av byggeplanar og ved gjennomføring av anlegget. Ulike prinsipp for utforming av sideareal, revegetering og utforming av tekniske anlegg, skal gå fram av byggeplanane. Alle inngrep som vert gjort i samband med veganlegget skal utformast mest mogeleg forsiktig og med omtanke for terreng og utsjånad. Noverande vegetasjon skal i størst mogeleg grad takast vare på. Terrenghandsaming skal gjerast ferdig samtidig med resten av anlegget. 2.5 Før iverksetjing av tiltak på strekka P420 til P750 skal det gjennomførast arkeologiske granskingar av råka automatisk freda kulturminne i planområdet (busettingsspor ved Skeiane og Borgje på Seim). 2.6 Miljøverndepartementet sine retningsliner om vegtrafikkstøy ved planlegging etter plan- og bygningslova, jf. rundskriv T-8/79 og T-1/86, skal leggast til grunn for gjennomføring av reguleringsplanen. Dette inneber at planleggingsmålet (ambisjonsnivået) for utandørs støyforhold for opphaldsområde ved bustader er 55 – 60 dBA og innandørs støy 30 – 35 dBA. Planleggingsmåla er gitt som ekvivalent nivå i gjennomsnitt for døgnet.

§3 Offentleg trafikkareal 3.1 Trafikkområdet kan nyttast til: Køyreveg Parkeringsplass Gang- og sykkelveg, fortau Annan veggrunn 3.2 Køyrevegane skal opparbeidast med den lineføring, utforming og dimensjon som er synt i planen. Kryss og avkøyrsler er fastlagde i planen og skal ha frisiktsoner i samsvar med vegnormalane. Frisiktsoner er regulert til spesialområde (sjå pkt.6). 3.3 Gang- og sykkelvegar og parkeringsplass skal opparbeidast som synt på

3

reguleringsplankartet.

§6 Spesialområde 6.1 Spesialområde kan nyttast til følgjande Frisiktsone Naturvernområde vassdrag 6.2 I frisiktsona skal det vera fri sikt over ei høgd på 0.5 meter over tilstøytande vegar si planumsline. 6.3 Det skal ikkje gjerast inngrep i naturvernområde vassdrag. Unnataket frå dette er utfylling langs eksisterande veg i Granvinvatnet ved Øvre Vassenden.

§8 Kombinerte formål 8.1 Området over tunnelen er regulert til off. køyreveg / naturvernområde land og off. køyreveg / skogbruk. Det er ikkje tillete å grava, sprenga eller bygga innanfor dette området. 8.2 Vegfyllingar og –skjeringar som vert slakka ut til helning 1:7, skal nyttast til vegformål ved bygging av vegen og setjast i stand til jordbruksformål når vegen er ferdig bygd. 8.3 Avgrensing av gang- og sykkelvegen mot vatnet skal vera vegmur fundamentert på fylling i vatnet. 8.4 Av omsyn til artsmangfaldet i Jobergent naturreservat skal det ikkje plantast/såast til der vegtraseen går gjennom rasmark.

Granvin, 3. desember 2003 Revidert i samsvar med heradsstyrevedtak 14.12.04

Steinar Søgaard rådmann